Oppstart haust 2021🤸‍♀️

Første trening dette semesteret er onsdag 18.august klokka 10.00 -Smart start med Frisklivssentralen. Eit lågterskeltilbod som passar for dei fleste. Ta gjerne kontakt med oss eller Marit på Frisklivssentralen om du ynskjer informasjon.

Fint om du har med kvittering for betalt semesteravgift når du kjem på trening første gangen.

Oppstart Styrke mann 15.sept (nokre ledige plassar)

Ta gjerne kontakt med oss om de lurer på noko eller treng tilpasning på øvingar 

Me gler oss til mange flotte treningstimar saman med dykk🤸‍♀️

 

Timeplan haust 2021🤸‍♀️

Me startar påmelding mandag 16.august frå kl 19.00 ( sjekk timeplan ved å klikke på fana «Timeplan»)

Første trening onsdag 18.aug.

Oppstart Styrke mann 15. sept.

Fredagar er Puls Energi kl 16.15 .

Send sms til 95967756 (Kjersti) for kva timar som passar best for deg

Betaling på vipps  ((102 722) når du har fått bekrefta påmelding

Ta gjerne kontakt om du lurer på noko!

Vi har fortsatt  noko begrensa kapasitet pga. pandemien

Vi har gode smittevern rutinar på treningane!

Me ser fram til å møte dykk igjen og gledar oss til mange gode treningstimar saman  – proppfullt av energi  🙂

Oppstart haust 2021

  • Me er klar for oppstart veke 33
  • Timeplan er ikkje heilt klar…
  • Håpar DU er klar💪
    Påmelding mandag 16. august frå kl 19.00 på sms til 95967756 (Kjersti)

Sommar ferie🌞

Me ynskjer alle våre flotte medlemmar èin god sommar!

Det har vore eit spesielt semester for oss på mange måtar. Tapet av vår kjære Greta  er tungt, men det er godt å være saman på trening og mykje av hennar «rørsleglede» er med oss.

Mykje usikkerheit og restriksjonar rundt corona situasjon har ført til at me har hatt stengt i periodar, noko som har vore kjedeleg, men naudsynt. Me håpar verkeleg på meir normale tilhøve til hausten.

Me ynskjer å takke dykk alle for at de har støtta oss – både på og utanom treningane.

Håpar de får nyte sol, varme, vener, familie, gode og late dagar- FERIE- gjere det de har mest lyst til!

Håpar å sjå alle saman igjen til meirLiv&Lyst i august!

God klem frå meirLiv&Lyst Damene;

Anne Sigrid, Unn Hege, Jorunn, Kristine, Aase, Monika, Anne Beathe, Anita, Anne Kristin, Anne Grete og Kjersti 

 

Juni trening

Me fortset treningane, men trappar ned:

Onsdag 9.juni er siste Sommar-puls/styrke

Onsdag 9.juni er siste Styrke mann

Siste trening dette semesteret er fredag 18. juni.

Tysdagar kl 18.00 går ut (tren gjerne på andre økter)

Onsdagar kl 18.30 Sommar puls/styrke (step og puls basis blir slegne saman til ei økt)

Mandag 31. mai er siste Absolutt styrke ( tren gjerne på Core styrke 16.45)

 

Sommar og sol og trening🌞

Me fortset treninga framover, men trappar ned antal timar. Viktig å få kontinuitet på gode treningsvanar og energipåfyll gjennom trening. Det har vore eit krevjande semester, men hugs at det aldri er for seint å starte og at litt er betre enn 0💪

Smart start tysdagar klokka 10.00

Frisklivssentralen køyrer Smart start trening tysdagar klokka 10.00 på Fossetunet. Veit du om nokon som treng litt ekstra motivasjon for å kome i gang, har hatt ein pause eller ynskjer å trene på dagtid – Bli med!

Timen passar for alle nivå, og du styrer sjølv intensiteten på økta. Hovuddelen er lagt opp med ein kombinasjon av styrke- og kondisjonstrening med fokus på funksjonelle øvingar og store muskelgrupper. Avsluttast med bekkenbunnstrening, balanse og avspenning. Timen er leia av fysioterapeut. 

Ta kontakt med Frisklivssentralen (Marit tlf. 95303897) eller Kjersti (tlf: 95967756) for meir informasjon.

 

Klar for trening?

Me er klar for oppstart igjen… 12. april – håpar du er klar?

Nokre endringar:

Mandagar: Absolutt styrke startar 18.30 (ikkje 19.00 som før)

Fredagar: Puls Energi er flytta til ny hall og startar 16.15 

Minne om Greta❤️

Onsdag 31. mars fekk eg den triste og vonde beskjeden om at vår kjære Greta døydde. Ho fekk èin alvorleg og aggressiv kreft diagnose i oktober. Ho kjempa èin tapper kamp, men måtte til slutt gi opp.

Greta og Liv var dei som starta opp med Liv&Lyst i Sogndal i 1986, etter kurs og opplæring i Sverige.

Eg og mange fleire fekk oppleve Greta sin fantastiske motivasjon, livsglede og rørsleenergi gjennom Liv&Lyst. Greta var èin sterk pådrivar for dette treningskonseptet, i tillegg til å være kroppsøvingslærar. I 2010 overlot ho drifta, og meirLiv&Lyst vart skipa, men ho var fortsatt instruktør i nokre år til, og ho sat i styret heilt til det siste. Hausten 2016 flytta ho til Trondheim saman med sin kjære Rolf. Ho ville nyte pensjonist tilværelsen i barndomsbyen sin. 
 
Ho var alltid oppteken av korleis det gjekk med liv&lyst damene og «karane». Og kvar gong ho var i Sogndal besøkte ho oss på treninga, ho hadde alltid èin fagleg, litt kritisk kommentar, saman med sine treffande og kjappe replikkar. Me var aldri i tvil om kva Greta meinte….

Greta var èi dame med mykje energi, humor, treffande kommentarar, bestemt, svært fagleg og dyktig, og ho levde fort med mykje kraft.

Sorga er tung no, men me har mange flotte minne om denne livsglade og aktive dama. Ho blir aldri gløymt og me skal fortsette  med «rørsleglede» gjennom MeirLiv&Lyst.

Kjersti