Haust 2020

Det er fortsatt strenge retningslinjer for gruppetrening inne, men vi satsar på oppstart frå veke 34. Timeplan er dessverre ikkje klar enno, men legg ut så snart vi har fått til «kabalen». 

Fortsatt nyt sommaren☀️



 

Siste utetrening torsdag 18. Juni

Eit spesielt vår semester er over og vi ser fram til opning for innetrening i august. Følg med på nettsida og Facebook for informasjon i august☀️



Siste trening denne sesongen blir 18.juni kl 18 på Kjørnes Camping☀️

Me ynskjer dykk alle ein god og varm sommar med mykje lystbetont fysisk aktivitet☀️ 

 

Ute trening frå 7. Mai☀️

Torsdag 7.mai kl 18.00 startar vi opp ute trening på Kjørnes 

Vi tilpassar treninga til ulike nivå og vi er fleire instruktørar

Ta med eiga matte !  Vi brukar ikkje utstyr no i starten, men ta gjerne med ein sekk som du kan fylle med litt vekt.

Vi gledar oss❣️

 

 

Utetrening

Treningane inne på Fossetunet vart brått avslutta, men me ynskjer å tilby dykk trening ute

Vi håpar å kunne starte opp trening tysdagar og torsdagar  kl 18.00 frå veke 19

Vi må følgje retningslinjene frå Helsedirektoratet og trene i små grupper. Vi ynskjer ei tilbakemelding frå deg om dette kan være aktuelt å bli med på. Fint om du kan sende meg ei melding på tlf 95 96 77 56 ( Kjersti)

Vi organiserer små grupper med instruktør og tilpassa ulike treningsnivå. Treninga blir på Kjørnes Camping. 

Ta gjerne kontakt om du lurer på noko:)

God Påske🐣

Me vil ynskje dykk alle ein God Påske🐣Ein anleis påske for mange, man allikevel håpar vi den blir god❣️
Hadde håpa å starte opp igjen etter påske, men det ser ikkje lovande ut. Me kjem tilbake med meir informasjon etter påske om mulegheiter for å trene i mindre grupper ute.

Ny veke❣️

Ein ny veke er i gang utan trening hjå oss- men vi tenkjer på dykk – og saknar alle dikka fine medlemmane vi har😍

Håpar de har funne gode rutinar på trening 👍

Prøv å halde på dei gode rutinene de hadde!

Gå/jogge//ski og styrketrening  (2-3 g/veka)

SATS. no har mange ulike typar online treningar som de kan prøve ut👍

Hold ut – så er vi snart tilbake❣️

Trim

Håpar de har det bra😘

Utfordrande tider! 
No hadde de kome inn i gode vanar- prøv å fortsette med det utan felles øktene på Fossetunet.

Gå ein tur, jogge, sykle eller skigåing med god puls 2-3 gonger i veka + dagleg frisk lift ( viss det er mogleg)

I tillegg anbefaler vi at du trenar styrke 2-3 gonger i veka – ta utgangspunkt i dei øvingane du likar best , for: armar/skuldre, mage, rygg og bein. Eg skal prøve å legge ut nokre bilder til dykk etterkvart:)

Stå på & vi kjem sterkare att😘

Gode avstandsklemmar frå 

Aase, Monica, Anita, Anne Kristin, Anne -Grete, Anne  Beathe,  Kristine, Unn Hege,  Jorunn, Anne Sigrid og Kjersti