Oppstart vår 2021🌟

I følgje retningslinjer og smittevern legen i Sogndal kan me starte opp gruppetrening.  Det blir opp til kvar enkelt å vurdere om de ynskjer å delta, og sjølvsagt vere friske . 
 
For å gjere treninga så sikker som mogleg kjem vi til å redusere antal deltakarar på timane,  vi legg opp til god tid mellom øktene slik at det ikkje blir oppsamling av folk i gangen,  me brukar minimalt med utstyr og vaskar utstyr og overflater mellom kvar økt ( slik som i haust), i tillegg brukar de eigne matter.

Me lyt organisere deltaking på dei ulike øktene litt anleis. Eg ynskjer at flest mogleg skal få trene, men då må nokon redusere antall gonger i veka.  Eg gir nærare info om dette. 
 
Me satsar på oppstart onsdag 27.1. Gi gjerne èin lyd om du ynskjer å vente med oppstart. 

Ta gjerne kontakt om du lurer på noko☺️