Minne om Greta❤️

Onsdag 31. mars fekk eg den triste og vonde beskjeden om at vår kjære Greta døydde. Ho fekk èin alvorleg og aggressiv kreft diagnose i oktober. Ho kjempa èin tapper kamp, men måtte til slutt gi opp.

Greta og Liv var dei som starta opp med Liv&Lyst i Sogndal i 1986, etter kurs og opplæring i Sverige.

Eg og mange fleire fekk oppleve Greta sin fantastiske motivasjon, livsglede og rørsleenergi gjennom Liv&Lyst. Greta var èin sterk pådrivar for dette treningskonseptet, i tillegg til å være kroppsøvingslærar. I 2010 overlot ho drifta, og meirLiv&Lyst vart skipa, men ho var fortsatt instruktør i nokre år til, og ho sat i styret heilt til det siste. Hausten 2016 flytta ho til Trondheim saman med sin kjære Rolf. Ho ville nyte pensjonist tilværelsen i barndomsbyen sin. 
 
Ho var alltid oppteken av korleis det gjekk med liv&lyst damene og «karane». Og kvar gong ho var i Sogndal besøkte ho oss på treninga, ho hadde alltid èin fagleg, litt kritisk kommentar, saman med sine treffande og kjappe replikkar. Me var aldri i tvil om kva Greta meinte….

Greta var èi dame med mykje energi, humor, treffande kommentarar, bestemt, svært fagleg og dyktig, og ho levde fort med mykje kraft.

Sorga er tung no, men me har mange flotte minne om denne livsglade og aktive dama. Ho blir aldri gløymt og me skal fortsette  med «rørsleglede» gjennom MeirLiv&Lyst.

Kjersti