Smart start tysdagar klokka 10.00

Frisklivssentralen køyrer Smart start trening tysdagar klokka 10.00 på Fossetunet. Veit du om nokon som treng litt ekstra motivasjon for å kome i gang, har hatt ein pause eller ynskjer å trene på dagtid – Bli med!

Timen passar for alle nivå, og du styrer sjølv intensiteten på økta. Hovuddelen er lagt opp med ein kombinasjon av styrke- og kondisjonstrening med fokus på funksjonelle øvingar og store muskelgrupper. Avsluttast med bekkenbunnstrening, balanse og avspenning. Timen er leia av fysioterapeut. 

Ta kontakt med Frisklivssentralen (Marit tlf. 95303897) eller Kjersti (tlf: 95967756) for meir informasjon.