Sommar ferie🌞

Me ynskjer alle våre flotte medlemmar èin god sommar!

Det har vore eit spesielt semester for oss på mange måtar. Tapet av vår kjære Greta  er tungt, men det er godt å være saman på trening og mykje av hennar «rørsleglede» er med oss.

Mykje usikkerheit og restriksjonar rundt corona situasjon har ført til at me har hatt stengt i periodar, noko som har vore kjedeleg, men naudsynt. Me håpar verkeleg på meir normale tilhøve til hausten.

Me ynskjer å takke dykk alle for at de har støtta oss – både på og utanom treningane.

Håpar de får nyte sol, varme, vener, familie, gode og late dagar- FERIE- gjere det de har mest lyst til!

Håpar å sjå alle saman igjen til meirLiv&Lyst i august!

God klem frå meirLiv&Lyst Damene;

Anne Sigrid, Unn Hege, Jorunn, Kristine, Aase, Monika, Anne Beathe, Anita, Anne Kristin, Anne Grete og Kjersti