Veke 8

Nokre få endringar i veke 8:

  • Nakke-rygg treninga går ut
  • Mandag 18.2 er Jori vikar på basis kl 18.00
  • Onsdag 20.2 går middels styrke ut. Anne Sigrid og Kjersti køyrer «team teach» kl 18.00-mykje moro her:)
  • Gode grunnar til å trene:

«Fysisk aktivitet er som anna medisin, den virkar berre når den blir teken»..

Medan folk i januar strøymde til trening etter ei jul med god mat og drikke, skapte lokale forskarar overskrifter i nasjonalpressa; «Trening virker lite slankende», «Vanskelig å trene seg slank», «Ett fett». Bakgrunnen var artikkelen til Eivind Aadland (Høgskulen i Sogn og Fjordane) og Sigmund A. Anderssen (Norges idrettshøgskole/Høgskulen i Sogn og Fjordane) i Tidsskrift for Den norske legeforeningen om effekt av fysisk aktivitet på vektreduksjon.

Bakgrunnen for studien er at fysisk aktivitet aukar energiforbruket og kan medføre betydeleg negativ energibalanse og vekttap. Forskarane gjorde ein gjennomgang av tilgjengelege studiar som har undersøkt effekten av fysisk aktivitet på vektreduksjon hos personar med overvekt og fedme.

Dei fann at fysisk aktivitet bidrog til ein vektreduksjon på 1-3 kg om fysisk aktivitet vart samanlikna med ikkje fysisk aktivitet, eller om kombinasjonen diett og fysisk aktivitet vart samanlikna med diett åleine.

Ved første augnekast kan fysisk aktivitet sjå ut til å vere eit lite effektivt verkemiddel for vektreduksjon ved fedme. Dette er gode overskrifter for avisene. Det nasjonalpressa i varierande grad fekk med seg, er at dette kan skuldast at personane i studiane ikkje har vore tilstrekkeleg fysisk aktive. Typisk føreskrive fysisk aktivitet i dei ulike studiane var 20-60 min aktivitet gjennomført 3-5 dagar per veke. Dette aktivitetsnivået svarar til dei generelle tilrådingane for førebyggande fysisk aktivitet (minimum 30 min dagleg aktivitet med moderat intensitet). Grunna svakheiter i gjennomføringa og målingar er det er derimot vanskeleg å anslå det faktiske aktivitetsnivået i studiane, som truleg er lågare enn tenkt. Effekten av fysisk aktivitet er mest sannsynleg difor kraftig undervurdert i mange av studiane. Sjølv om 30 min dagleg aktivitet truleg gir større effekt enn 1-3 kg, må det meir fysisk aktivitet til for å redusere vekta ytterlegare. Til eksempel har studiar som har vist til vesentleg vektreduksjon (5-7 kg over 12 veker) gjennomført over 60 min dagleg fysisk aktivitet.

Fysisk aktivitet må ut i frå desse funna gjennomførast i tilstrekkeleg mengd for å bidra til vesentleg vektreduksjon. Det er med andre ord viktig å ikkje gi seg med treninga i mars, men å fortsette helt fram til nyttårsforsettet skal fornyast – fleire dagar i veka. Medisinen verker berre når han tas, og denne medisinen gir i tillegg ei rad med gunstige helseeffektar uavhengig av vekttap.

Lenke til tidsskriftet: http://tidsskriftet.no/Innhold/Nyheter/2013/Januar/Ned-i-vekt-av-trening

 

Tekst: Ane Solbraa