Om timane

Timebeskriving og nye tilbod

Me definerer intensiteten på treninga i BASIS, MIDDELS eller INTENSIV. Alle øktene varer i 60 min dersom ikkje anna står oppgitt.

Smart Start: dette er ein time for deg som ynskjer å starte med trening eller ikkje har trena på ei stund. Timen blir gjennomført i samarbeid med Frisklivssentralen.

Nakke-Rygg : Dette er eit lågterskel tilbod. For deg som må ta ekstra omsyn til rygg/nakke når du trenar– eller som vil ha ei restitusjonsøkt og trene i eit rolegare tempo.  Holdnings- og løfteteknikkøvingar, stabilitet og balanse er fletta inn i styrke og kondisjonsdelen. Herleg time med god rettleiing:)

PulsBasis: Trening for deg som vil kome i gang eller som ønskjer ein skånsom, effektiv og real trening. Timen der du har god tid til å ta ut øvingane. Timen er lagt opp med fokus på uthald, men med innslag av styrke. I styrkedelen brukar du kroppen som belastning.

CoreStyrke : Trening for deg som vil kome i gang eller som ønskjer ein skånsom, effektiv og real trening. Timen er enkel og du har god tid til å ta ut øvingane. Timen har fokus på styrketrening for mage og rygg med bruk av strikk, vekter, catslide og eiga kroppsvekt.  Passar for alle.

Puls Energi: for deg som har trena ei stund. Fokus på uthaldstrening. Middels intensitet. Styrketrening med kettlebells, catslide, ball og eiga kroppsvekt. Uthaldstrening med vekt på effektive og varierte øvingar.

Step & Core Styrke : for deg som har trene ei stund. Middels intensitet. Real, effektiv og morosam time på step. Timen har fokus  på uthaldstrening og styrketrening (kjernemuskulatur).  Ein herleg time full av Anne Sigrid energi:)

Styrke+: for deg som har trena ei stund og som ynskjer ei effektiv, funsjonell og variert styrketrening, her brukar ein step, catslide, strikkar og vekter som utstyr.

Styrke Mann: Timen for dei som ynskjer å trene real  uthaldande- og funksjonell styrke i eit motiverande miljø:) Lite innslag av rytmer og hoftevrikk!! Men brennande magemusklar og sugande armhevingar blir det mykje av:) Kom og prøv!!