Om meirLiv&Lyst

meirLIV&LYST blir drifta gjennom MAKS trening AS som er eige og drive av Kjersti Johannessen frå august 2014.

meirLIV&LYST er ei vidareføring av LIV&LYST-treninga som vart starta av Greta E. Salveson og Liv Solbraa Kristiansen i 1986 og som har vore eit tilbod i Sogndal i over 30 år.

meirLIV&LYST kan tilby gruppetrening i sal.  Me har timar for nybyrjarar og for godt trena deltakarar (sjå informasjon om  timane).

Visjonar

  • Alle skal kunne delta! – ikkje på kvar time, men du skal kunne finne noko som passar for deg
  • Du skal kjenne at du mestrar!  Du skal kunne henge med første gongen
  • Det skal vere moro å trene; smilet og velværet ved å røre seg skal vere der både undervegs og etterpå

Me held til på Fossetunet 1. Du kan kjøpe drop-in timar eller semesterkort.