Instruktørar

Kjersti Johannessen

er høgskulelektor ved Høgskulen på Vestlandet. Har hovedfag i fysisk aktivitet/helse, er utdanna personleg trenar, gruppetreningsinstruktør frå Norges Idrettshøgskule og Liv&Lyst grunnutdanning.  Er eigar av meirLiv&Lyst gjennom MAKS trening AS. Vår 2019  har Kjersti desse timane:  PulsEnergi, Corestyrke,  PulsBasis og Styrke Mann  Ho har 30 års erfaring frå gruppetrening.

Anne Sigrid Loftesnes Harjo

er utdanna bioingeniør og har hovedfag i cellebiologi. Ho jobbar som yrkeshygieniker hjå Stamina Helse i Sogndal. Ho har SATS-utdanning innan gruppetrening i sal og sykkel. Vår 2019 har Anne Sigrid Step & Core Styrke og Styrke+. Ho har 20 års erfaring frå gruppetrening.

Jorunn Aa Albretsen

er utdanna fysioterapeut med vidareutdanning i barne-og ungdomsfysioterapi, har idrett grunnfag og helsepedagogikk. Ho jobbar som fysioterapeut ved Sogndal helsesenter. Vår 2019 har Jorunn Nakke-Rygg trening. Ho har 15 års erfaring med ulike gruppetrening.

Unn Hege Johannessen

er utdanna faglærar i idrett frå Norges Idrettshøgskule og har ein Mastergrad i samhandling frå HVL. Ho jobbar som helsesportspedagog  hjå Helse Førde  – Indre Sogn Psykiatrisenter. Ho har gruppetreningsutdanning frå SATS og Liv og Lyst grunnutdanning. Ho har 30 års erfaring  med gruppetrening. Vår 2019 har Unn Hege Rygg Nakke trening.

Martine Hauståker

har ein bachelorgrad i Idrett fysisk aktivitet og helse og er utdanna personleg trenar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Jobbar på Intersport Sogndal og utdannar seg til sjukepleiar. Vår 2019 er Martine vikar.

Kristine Mardal 

er fysioterapeut i Sogndal kommune.  Ho har vidareutdanning i rehabilitering og helsefremming. Ho har lang erfaring som instruktør for ulike grupper. Vår har 2019 har Kristine fødselspermisjon og er vikar.

 Veronica Foss

har ein mastergrad i Idrettsvitenskap frå Høgskulen på Vestlandet og er utdanna personleg trenar. Ho jobbar på Instersport Sogndal. Vår 2019 har Veronica PT i grupper (utanom meirLiv&Lyst sitt tilbod).

Ta gjerne kontakt med ho på tlf 909 98 785.