Eg håpar de har det bra! Me er veldig klar for trening igjen med dykk😅, men pga korona har me måtte utsette oppstart. Det kjem nye tilrådingar mandag 18.1., og me er nødt å forholde oss til desse. Eg håpar og trur me kan være klare i løpet av dei neste vekene. Ta gjerne kontakt om de lurer på noko!
Oppstart januar 2021🌟
Eg skreiv tidligare i dag ( 4.1) at Me satsa på oppstart 11.1., men endrar oppstart til 18.1. Dette på bakgrunn av corona- situasjon som har oppstått i det siste og dei nasjonale retningslinjene. Det meste av aktivitet er redusert fram til 18.1. Idrettshallen er også stengt. Me må gjere vårt beste for å redusere smitte risikoen. Me har trua på eit langt og godt semester frå 18.1.
Godt Nytt År🌟
Timeplan vår 2021
Våren 2021 kjem vi til å gjnnomføre trening på Fossetunet, Idrettshallen og i ny Idrettshall v/Storhallen.
Pga. at den nye idrettshallen ikkje er klar før 1.februar, gjennomfører vi Core styrke på Fossetunet 11., 18. og 25.januar kl 17.35.- det kjem meir informasjon om korleis påmelding blir på desse tre øktene.
Påmelding frå torsdag 17.desember kl 18.00. Send sms til 95967756 – skriv gjerne kva timar som er mest aktuelle for deg å trene på. Du er registrert når du har fått svar på sms. Betal med Vipps (ikkje før du har fått stadfesting om plass). Vis kvittering for betalt semester når du kjem på trening
Ta gjerne kontakt om du lurer på noko!
Me ser fram til eit nytt godt treningssemseter🤸♂️
Ynskjer dykk alle ei God Jul & eit Godt nytt aktivt 2021😍
Påmelding vår 2021
Påmelding for trening vårsemester startar torsdag 17.12 kl 18.00. Send SMS til 95967756 (Kjersti ).
Timeplan kjem
Pga Corona situasjon blir oppstart mandag 11.januar.
Påmelding vår 2021
Vi jobbar med timeplan og er klar med påmelding i løpet av veke 51. Det kjem meir informasjon om påmelding om kort tid.
Vi set pris på om du leverer inn matter og strikk som de har lånt dette semesteret , før de tek juleferie
Gi det på trening eller legg det i gangen om du leverer på dagtid
Vi ynskjer alle ei flott og aktiv førjulstid🎄
Matter og strikk
Fint om alle kan levere inn matter og strikk dei har lånt hjå oss dette semesteret, før vi tek juleferie.
Tysdag 24. Nov er det ikkje trening i idrettshallen
Vi må dessverre avlyse treninga i hallen tysdag 24.11. Kl 18.00 pga. stengt hall.
Styrke Mann
Då starta vi opp Styrke Mann 14.10 kl 19.30- Håpar de er klar?
Send ein SMS på tlf 95967756 om du har lyst å bli med
pris: 700 kr ( fram til jul)