Tysdagar og fredagar haust 2022!


Det blir trening tysdagar kl 18.00 og fredagar 16.15 ( type time er ikkje heilt bestemt..), men det blir Kjersti som har timane, men med Anne Sigrid, Kristine og Jorunn som vikarar!

Oppstart tysdag 23.august

Påmelding frå tysdag 16. august kl 19.00! Sms til 95 96 77 56

Pris: 1000  kr for trening ei økt i veka (men du må  velje èin dag) og 1700 kr for begge øktene ! 

Tysdag: puls & styrke. Intensitet: moderat  (noko koreografi)

Fredag: puls & styrke. Intensitet: moderat + 

 

Rygg-nakke trening med Jorunn

Velkomen til rygg-nakke trening i gymsalen på Sogndal Folkehøgskule torsdagar kl 15.30!

Første trening torsdag 18.august

Same innhald og intensitet som i liv&lyst i vår, men ny musikk og nytt firma «Rørsleglede»

Kan kombinerast med «smart  start» onsdag kl 10.30-11.30 på SHOS og/eller bassengtrening mandag kl 16-17 i symjehallen på Fosshaugane

Prisar:

Rygg-nakke: kr 1000 pr semester

Smart start eller bassengtrening i tillegg: kr 1650 for fast plass på rygg-nakke og èin av dei andre timane  eller kr 50 pr time på Frisklivssentralen .

Påmelding til Jorunn Aa Albretsen på sms: 99457432

Informasjon om betaling kjem snart!

 

Liv&Lyst hausten 2022

Det blir Ikkje meirLiv&Lyst , men det blir to timar med Liv&Lyst hausten 2022. Tysdag og fredag (oppstart og tidspunkt kjem ..)

Timane blir i nye halllen.