26. mars fekk me den triste meldinga om at Liv Kristiansen Solbraa hadde sovna inn etter ei tid med sjukdom.
Liv starta opp Liv&Lyst i 1985/86 og saman med Greta E.Salveson bygde dei grunnlaget for ei treningsform, som har bidrege til mykje treningsglede for svært mange i Sogndal.
Liv har bidrege med mykje kunnskap, ho har rettleiia oss og motivert oss for at Liv&Lyst skal vere ei treningsform der folk opplever rørsleglede.
Liv fekk ikkje ta del i 40 års markeringa av Liv&Lyst, men me skal minnast ho og fortsette med det Liv starta for 40 år sida!
Kvil i fred!








