Liv Solbraa Kristiansen

26. mars fekk me den triste meldinga om at Liv Kristiansen Solbraa hadde sovna inn etter ei tid med sjukdom.

Liv starta opp Liv&Lyst i 1985/86 og saman med Greta E.Salveson bygde dei grunnlaget for ei treningsform, som har bidrege til mykje treningsglede for svært mange i Sogndal. 

Liv har bidrege med mykje kunnskap, ho har  rettleiia oss og motivert oss for at Liv&Lyst skal vere ei treningsform der folk opplever rørsleglede.

 
Liv fekk ikkje ta del i 40 års markeringa av Liv&Lyst, men me skal minnast ho og fortsette med det Liv starta for 40 år sida!

Kvil i fred!

Godt nytt år!

Me ynskjer alle nye og gamle deltakarar eit godt nytt år i 2026!

2026 er eit jubileumsår for Liv&Lyst – 40 år!

Dette skal markerast med store og små «happeningar» ! Me håpar at DU blir med på trening dette jubileumsåret!

Treningstilbod vår 2026:

Tysdagar klokka 17.15 – 18.15: Puls og Styrke – middels intensitet – med Kjersti

Torsdagar klokka 16.45 – 17.45: Styrke – middels intensitet – med Anne Sigrid

Fredagar klokka 16.00 – 17.00: Puls og Styrke –  middels/høg intensitet – med Kjersti

Alle øktene er i nye hallen (v/storhallen)

Pris:

Total medlemsskap: 2600 kr for alle økter

Ei trening i veka: 1600 kr (du må velje anten tysdagar, torsdagar eller fredagar)

Påmelding:

Laurdag 3.januar frå klokka 11.00 – send sms til Kjersti på tlf 95 96 77 56 (du er påmeldt når du har fått stadfesting på meldinga og har betalt på vipps før oppstart)

Oppstart: 

Tysdag 6.januar

Legg ved eit bilde av to fantastiske damer, som starta dette eventyret,  Greta E.Salveson og Liv Solbraa. Me er så takknemlige for all treningsglede me har hatt desse åra! Tusen takk!

 

Påmelding haust 2025

Me startar påmelding for haustsemesteret søndag 31. august kl 18.00

Send sms til Kjersti tlf 95967756

Pris:

Tysdag og fredag: kr 2000

Tysdag eller fredag: kr 1200