Torsdag og fredag veke 17

Liv Solbraa Kristiansen
26. mars fekk me den triste meldinga om at Liv Kristiansen Solbraa hadde sovna inn etter ei tid med sjukdom.
Liv starta opp Liv&Lyst i 1985/86 og saman med Greta E.Salveson bygde dei grunnlaget for ei treningsform, som har bidrege til mykje treningsglede for svært mange i Sogndal.
Liv har bidrege med mykje kunnskap, ho har rettleiia oss og motivert oss for at Liv&Lyst skal vere ei treningsform der folk opplever rørsleglede.
Liv fekk ikkje ta del i 40 års markeringa av Liv&Lyst, men me skal minnast ho og fortsette med det Liv starta for 40 år sida!
Kvil i fred!

Veke 15

Ikkje trening veke 14
Veke 13

Fredag 9. januar og veke 3

Godt nytt år!
Me ynskjer alle nye og gamle deltakarar eit godt nytt år i 2026!
2026 er eit jubileumsår for Liv&Lyst – 40 år!
Dette skal markerast med store og små «happeningar» ! Me håpar at DU blir med på trening dette jubileumsåret!
Treningstilbod vår 2026:
Tysdagar klokka 17.15 – 18.15: Puls og Styrke – middels intensitet – med Kjersti
Torsdagar klokka 16.45 – 17.45: Styrke – middels intensitet – med Anne Sigrid
Fredagar klokka 16.00 – 17.00: Puls og Styrke – middels/høg intensitet – med Kjersti
Alle øktene er i nye hallen (v/storhallen)
Pris:
Total medlemsskap: 2600 kr for alle økter
Ei trening i veka: 1600 kr (du må velje anten tysdagar, torsdagar eller fredagar)
Påmelding:
Laurdag 3.januar frå klokka 11.00 – send sms til Kjersti på tlf 95 96 77 56 (du er påmeldt når du har fått stadfesting på meldinga og har betalt på vipps før oppstart)
Oppstart:
Tysdag 6.januar
Legg ved eit bilde av to fantastiske damer, som starta dette eventyret, Greta E.Salveson og Liv Solbraa. Me er så takknemlige for all treningsglede me har hatt desse åra! Tusen takk!

God jul!

Tysdag 23. september

Kristine er vikar for Anne Sigrid 23.sept.

